Meny
Du er her:Barn>Trill & Trall

Trill & Trall

Relling, Marie
Trill & Trall - småbornstreff med mykje song og musikk - er eit tilbod for heimeverande småbornsforeldre. I januar 2012 brakar det laus med 10 nye tysdagssamlingar. Finn fram ullsokkar eller mjuke innesko og meld deg på!

Vi treffast kl. 11.30-13.30 i Vear arbeidskyrkje til ei song- og leikestund for store og små.  Ca. kl. 12.30 et vi frukt og drikk kaffi og te saman. Ta gjerne med eiga matpakke viss du vil ta lunsjen din her.

Deltaking på Trill & Trall kostar kr 200,- for 10 samlingar . Dette inkluderer te, kaffe, frukt og kursmateriale.

Påmeldingsfristen er utgått, men det er 2 ledige plassar dersom nokon vil stige inn i laupet av vinteren.

Aldersgruppe tilbodet passar for:  Born 0-2 år med foreldre.

Datoar:  kvar tysdag (utanom i vinterferien og påskeferien) frå 10. januar til 20. mars.

Vel møtt til trivelege samlingar!  Ta kontakt dersom du lurer på noko.

 

Helsing

Marie Relling,

musikkarbeidar i Vear arbeidskyrkje:

Tlf.: 900 55 917

Mail: musikkarbeider@vear-arbeidskirke.no

 

 

 

Copyright Menigheten for Vear og Hogsnes.
E-post: presten@vear-arbeidskirke.no
Besøksadresse: Vear arbeidskirke Melsomvikveien 583
Webmaster: Bjørn Ivar / Joar