1. november kjem heile 10 3.-klassingar til vearkyrkja for å laga si eiga tromme! Fem veker seinare skal dei ha lært å spela på tromma si, og planen er at gruppa skal spela på Julebrus den 7. desember og på gudsteneste 8. januar. Kyrkjelyden har noko å sjå fram til!
- Det tykkjer i alle fall eg som har leia det heile! :)
6 veker med vill og vár tromming, dans, song og leik har gjeve resultat: Gruppa kunne torsdag før vinterferien levere ein forrykande avsluttingskonsert for foreldre og besteforeldre før dei tok med seg kvar si sjølvlaga tromme heim.